Læreplan i felles programfag Vg3
- Publisert i Læreplaner
Fastsett som forskrift av Utdanningsdirektoratet 14. februar 2008 etter delegasjon i brev av 26. september 2005 frå Utdannings- og forskingsdepartementet med heimel i lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) § 3-4 første ledd.
Gjelder fra 01.08.2008
Føremål
Programområdet for fotterapi skal leggje grunnlag for yrkesutøving innan behandling og førebygging av problem knytte til føtene. Gjennom arbeidet for ei sunn fothelse og førebygging av belastningsskadar skal fotterapifaget vere med på å stimulere til fysisk aktivitet og fremme fothelse.
Opplæringa skal medverke til utvikling av fagleg innsikt og praktiske ferdigheiter knytte til kunnskap om anatomi og fysiologi, biomekanikk, hud- og hudlidingar og sjukdomslære. Vidare skal opplæringa medverke til samhandling med ulike yrkesgrupper og med menneske i ulike livssituasjonar og med ulik kulturbakgrunn. Opplæring i faget skal leggje vekt på planlegging, gjennomføring og vurdering av arbeidsoppgåver i tråd med behova til brukarar og gjeldande regelverk. Opplæringa skal medverke til at den einskilde utviklar fagleg innsikt og praktiske ferdigheiter knytte til fotterapi.
Fullført og bestått opplæring fører fram til yrkeskompetanse. Yrkestittelen er fotterapeut.
Tilleggsinformasjon
-
Helsefremmende karusell