Advarsel
  • JUser: :_load: Kan ikke laste bruker med id: 331
Menu

Sammendrag del 3

Oppdrett av marin fisk

Torsk

Oppdrett av torsk er ei relativt ny næring, og den ser ut til å være i vekst til tross for store mengder villfanga torsk. Torsken som oppdrettsart har ulike føresetnader i høve til laksefisk, og difor treng ein andre lokalitetar og anlegg med spesielle tilpasningar. Men den grunnleggande teknologien er lik og ein byggjer på erfaring frå laksefisk i mange høve. Ein må likevel ta omsyn til torsken sine spesielle faktorar i sitt livslaup. For det fyrste har torsken symjeblære, og klarer i mindre grad å regulere trykket ved endringar. Torsken er og ein stedbunden fisk som lever nær botn, og ved fôring må ein ta omsyn til dette. Torsken er og kannibal og det skaper problem i særleg yngelfasen om vekt og storleik vert for ulik.
I dag bygger ein produksjonen av torsk på oppdrettsfisk, og avl er bevisst brukt for å styrke vissse kvalitetar. Stamfisken er sjølvsagt viktig og utval av individ bør være strengt for å sikre seg mot sjukdom og dårleg kvalitet. I naturen skjer dette gjennom naturleg selektering der berre den sterkaste overlever. Torskeegga er langt mindre enn lakseegga og flyt fritt i vannmassene.
I yngelproduksjonen satser ein difor på strenge driftsrutiner og god kontroll vannmiljø. I torskeproduksjon brukar ein levande fôr i starten. Tilvenjinga frå våtfôr til tørrfôr og overgangen mellom larve til yngel er ei kritisk fase, og vassmiljøet har vore ein viktig suksessfaktor. Yngelen blir sortert og vaksinert før den vert utsett som setjefisk. Transporten skjer i dag i kar og tanker med bil eller brønnbåt. Matfisk vert produsert under strenge miljøkrav, og særs viktig er oksygen, saltinnhald, temperatur og algeoppblomstring. Driftsrutiner og fôringsutstyr skjer med same teknologi som laksefisk. Det er viktig med god kontroll av tilvekst og tettleik, og at vi sjår til at fisken hardet bra. Kjønnsmodning kan være eit stort problem for torsken, og det krevst stor merksemd og bruk av lysstyring. Rømming kan óg være eit problem sidan torsken er aktiv med å bite på not og materiell. Handtering, kontroll med sortering og sjukdomshandtering er ein sentral del av fiskevelferda til torsken og fylgjer same regelverk og prosedyrer som laksefisk.
Fisken som vert slakta er svelta før levering, og transportert med stor varsemd til eit godkjent slakteri, som fylgjer gjeldande regelverk for handtering av fisk. I korte trekk skjer det gjennom bedøving, bløgging, sløying og vasking. Deretter vert den sortert og pakka for kjølelagring og transport til markedet. I dag er det ferskfiskmarkedet som er hovudmarknaden for oppdrettstorsk.

Kveite

Kveita er ein flyndrefisk som vi kjenner mindre til enn laksefisk og torsk. Dei store utfordringane har likevel vorte løyste og oppdrett av kveite er i dag mulig med stor innsats og gitte innsatsfaktorar som sjøvatn, energi og kunnskap. Særleg stamfisk og perioden fram til yngel krev mykje kunnskap, erfaring og bruk av teknologi i stor grad. Startfôringa er heilt sentralt og krev eit spesielt utstyr med bruk av rett temperatur og vassmiljø.
Yngelfasen er lengre og krev meir tid enn laksefisk og er svært kritisk i høve til vidare overleving. Metamorfosefasen inneber rett vekst, korrekt augevandring og pigmentering. Ei sortering med vekt på rett utval er viktig, og intensiv oppdrett er avhengig av levande fôr som artemia.
Når den vert 50–100 gram kan den setjast i lengdestrømsrenner før ein set den ut i sjøen. Nokre vel å ha vekstfasen på land, men det vert kostbart på grunn av energibruk til vassmiljø og plass til sortering og lagring.
Setjefiskfasen er lik med annen oppdrettsfisk. Vi treng kontinuerlig overvaking av vassmiljø, fisk og fiskevelferd. Transport av kveite skjer både med båt og bil til anlegg som driv oppdrett av matfisk. Matfiskanlegga krev mykje av det same miljøet som anna oppdrettsfisk, men det er særlege utfordringar med sortering, augebiting, stress og lys.
I kveiteproduksjonen er alle faser kritiske, og det krevst stor erfaring for å få eit godt resultat. Dette inneber at forskarar og oppdrettarar lyt samarbeide, særleg ettersom at feil i den sårbare yngelproduksjonen kan få store økonomisk konsekvensar. Dette har prega tilgangen av yngel i mange år, men no ser det ut at ein har bra tilgang på yngel, men det ikkje er marknad for stor matfiskproduksjon utan eit større marknadsarbeid for sluttproduktet som er fersk slakta kveite på 4 til 10 kg. Kveita blir slakta og pakka ved godkjente anlegg, og omsett i fersk tilstand. Kveita er ein populær flyndrefisk som har høg status i restaurantmarknaden.

Piggvar

Dette er ein flyndrefisk som det i dag vert mest oppdretta på stader med tilgang på naturleg høg sjøvasstemperatur eller rimelig energi til oppvarming av vatn. Fisken krev ein rimelig stabil temperatur på omlag 16 grader, og er landbasert i tanker med sjøvatn. I produksjonen brukar ein i stor grad same teknologi som andre marine artar, og produksjonen er intensiv med stor grad av lysstyring. Yngelen vert fora med levande fôr i starten, og ein brukar i matfiskstadiet mykje av erfaringa frå andre artar. Piggvar vert i dag produsert i Middelhavet og den ferdige ferske fisken er svært smakfull og ettertrakta, sidan det er lite villfisk i markedet. Slakting og prosessering skjer på same måte som kveiteproduksjonen.

Steinbit

Steinbiten er ein heilt anna type marin fisk som ser ut til å trivast i fiskeoppdrett. Flekksteinbiten er den som er brukt mest i oppdrett, og den set til verda ei lita mengd egg som er svært robuste. Det vert brukt same teknologi som med andre artar. Ei lang eggperiode gjer at ein må ha eit optimalt og stabilt vassmiljø. Omlag halvparten av egga overlever, og larven er godt utvikla ved klekking. Det gjer at ein straks kan ta til med fôring. Steinbiten har ikkje ei lang og særmerkt tid som setjefisk. Berre fire månader etter startfôring kan yngelen leverast til matfiskproduksjonen. Steinbit verkar ikkje å verte stressa slik som anna oppdrettsfisk, og toler svært godt kontakt med menneskelig aktivitet.
Det tek i dag tre år før ein får slaktemoden matfisk for levering. Det er stor etterspurnad etter slik fisk i ferskfiskmarkedet, men tilgangen på villfisk kan i perioder være eit problem for avsetning. Men med fokus på gode rutiner og høg kvalitet vil fersk steinbit ha ein høg status i marknaden.

Forlaget Vett&Viten

Tollbugata 54

3044 Drammen

Norway

(+47) 66 84 90 40

Om oss

  • Forlaget Vett & Viten AS (etablert i 1987) utgir lærebøker for videregående skole, teknisk fagskole, høyskole, universitet og til bruk i etter- og videreutdanning.

Våre produkter

  • Hvis du har spørsmål om våre produkter, eller ønsker veiledning eller råd om hvilke læremidler som passer din skole, oppfordrer vi til å ta kontakt med forlaget direkte.

Sosiale medier