Advarsel
  • JUser: :_load: Kan ikke laste bruker med id: 331
Menu

Sammendrag til kapittel 2b

I sjøbasert oppdrett av fisk er utgangspunktet for å starte produksjon bestemt av ulike faktorer i frå naturen sine sider, og ein skil ofte mellom biotiske forhold abiotiske forhold. Vannmiljøet, plassering i sjøen og lokaliteten sin bæreevne er med på å bestemme lokaliteten sin kvalitet.  I praksis betyr det at ein må ta målingar for å finne best mogeleg forhold, og at ein må gjere tilpasningar undervegs. Ein vel anleggstype utifrå den enkelte produksjon og lokalisering. Konsesjonsforskrifter og regelverk set rammer for produksjonen og stiller krav til utforming og logistikkløysingar.

Eit stålanlegg kan høve i lune fjordar eller for mindre anlegg. Det vanlegaste er likevel flytande plastsirkelanlegg, og ein vel å beskrive deira teknologi i kapittelet. Det er gjort forsøk med lukkede anleggstypar som også kan plasserast på land. Felles for anlegg som er plassert i sjøen, er at dei krev ei innfesting og fortøyning av sjølve notposen som vert halden oppe av ein flytekrage. Nytekforskrifta regulerer det gjennom standarder for utstyr, materiale, oppbygning og driftsrutiner knytt til anlegget.

Oppdrettaren er likevel nøkkelpersonen i all produksjon sidan han skal arbeide med anlegg, utstyr og drive vedlikehald utifrå gitte rutinar. Kjennskap til bruk av utstyr og eigenskapar til ulike materiale er grunnleggande, og i eit lagarbeid mellom kvarandre kan eit arbeidsteam på eit anlegg sette klare standardar som gjev sikker og pålitelig produksjon. Under gitte omstende som uver, driftsavbrot og andre usikre omstende kan ein sette inn ekstra tilsyn og auke kontrollen med svake punkt. Internkontroll kan skje i form av fysisk kontroll av anlegg og fisk, men også ved aktiv kontroll av måleapparat og andre tekniske installasjonar, vil sikre at anlegget si toleevne vert halden vedlike. Ein snakkar ofte om at oppdrettaren har vorte ein driftsteknikar i staden for ein passiv røktar.  

Sjølve produksjonen skjer gjennom utsett av smolt i rett tid. Særleg i den fyrste perioda etter utsett, som vert kalla smoltvinduet, har ein styrka kontroll med fisken. Det fordi at fisken er liten og har minst toleevne for stress og ytre påverknader i vannmiljøet. Ein brukar eit smoltfor i dei fyrste 6-8 vekene, og forleverandørar er viktige medspelarar for å finne rett for for produksjonen. Foringa skjer i stor  grad automatisk gjennom rør frå sentrale fortankar på ei foringsflåte. Oppdrettarane tek omsyn til storleiken og talet på fisk i merdene. Temperatur og  årstid spelar ei viss rolle og ikkje minst utstyret sin kapasitet. Det er ulike foringsstrategiar som vert brukt, men god kontroll av biomasse, erfaringar og gode driftsplanar gjev grunnlag for gode resultat. Forfaktoren vert då svært viktig, og rett for til rett til i rett mengde er den gylne regel, som gjev god økonomi for anlegget, og best fiskevelferd.

Fiskevelferd har vorte viktigare dei siste åra, og kontroll med sjukdom og fiskehelsa vert gjort regelmessig saman med veterinær. Ein fjernar dødfisk for å unngå smittepress, og gjer avlusing av lakselus ved gitte tidspunkt. Også sjølve anlegget og nota må vedlikehaldast for å auke trivsel og sikre eit godt vannmiljø. Det vert difor gjennomført notskifte etter behov og fisketettleik. Begroing kan til dømes skape dårlegare vassgjennomstrøyming og dermed dårlegare vannmiljø. Det vert og gjort notvasking regelmessig og etterkontroll nota  av dykkarar, for å hindre rømning. Sortering av fisk i merdene er vanleg for å sikre ein meir jamn storleik for levering. Fisken vert levert med spesielle brønnbåtar for slakting og foredling. Vi skil mellom tre ulike standarder i graderinga av slaktefisken, og vidareforedlinga vil variere utifrå marknadsprisar og kundar. Tollreglar er med å auke kostnadsnivået for vidareforedling som til røyking av fisk. I dag vert det meste av fisken sendt ut i marknaden som filet eller rundfisk. Vidare foredling skjer oftast i mottakarlandet.

Ein viktig endring som skjer i oppdrett av fisk på sjøen er at dei i større grad får felles rutiner for opplæring og sterkare fokus på riktig bruk av utstyr. Med det fylgjer det og krav til opplæring og dokumentasjon av kunnskap om  til dømes fiskevelferd, bruk av arbeidsbåtar og ikkje minst kjennskap til internkontrollsystem som sikrar ein stendig fokus på risikovurdering.

Forlaget Vett&Viten

Tollbugata 54

3044 Drammen

Norway

(+47) 66 84 90 40

Om oss

  • Forlaget Vett & Viten AS (etablert i 1987) utgir lærebøker for videregående skole, teknisk fagskole, høyskole, universitet og til bruk i etter- og videreutdanning.

Våre produkter

  • Hvis du har spørsmål om våre produkter, eller ønsker veiledning eller råd om hvilke læremidler som passer din skole, oppfordrer vi til å ta kontakt med forlaget direkte.

Sosiale medier